Moglegheitsstudie og tolegrenseanalyse for Sognefjorden

Årstall2025TemaReiselivKlimaSamfunnGeografiNærøyfjordområdetDokumenttypeRapport / Utgreiing

Løseth et al. 2025

Rapporten analyserer tolegrensene for reiseliv i dei sju sognekommunane Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal, Vik og Høyanger, med vurderingar langs fem dimensjonar: økonomi, miljø, infrastruktur, sosiale forhold og juridisk handlingsrom. Grunnlaget er dokument- og litteraturstudiar, verdiskapingsanalyse frå Menon Economics, camping- og hotellundersøkingar, trafikkteljingar og innbyggjarundersøkingar i Aurland, Luster og Vik.

Regionen har om lag 1,4 millionar gjestedøgn (2023), dominert av camping, fritidshus og cruise. Aurland er det klart mest besøkte området. Analysen avdekkjer at varsellampar lyser særleg i Aurland, og i Skjolden, Fortun og Vik ved cruiseanløp, der sosial og infrastrukturell toleevne nærmar seg grensene. Rapporten tilrår ikkje auke i cruiseanløp under noverande tilhøve.

Funna er direkte relevante for forvaltninga av verdsarvområdet Nærøyfjorden, som ligg i kjernen av studieområdet. Rapporten gjev eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for avgjersler knytt til ferdselsstyring, besøksbidrag, cruiseregulering og tverrsektoriell planlegging i og kring det freda området.