Naturmangfold i ytre deler av Aurlandsfjorden: Med vekt på insekter i åpne engsamfunn og gammel lindeskog

Årstall2026TemaNatur - LandbasertGeografiNærøyfjordområdetDokumenttypeRapport / Utgreiing

Gaarder & Gustad 2026

Sommaren 2025 vart det gjennomført målretta feltundersøkingar av insekt, flora og naturtypar i ytre delar av Aurlandsfjorden. Rapporten dokumenterer oppsiktsvekkjande funn av nasjonalt sjeldne artar og understrekar områdets kritiske betydning for naturmangfaldet i verdsarvområdet.

Undersøkingane i dei bratte liene ved Stigen, Vinkjellaren og Vetle Nedberget har avdekka eit mangfald av nasjonal verdi. Blant dei mest sentrale funna er glattordivel (EN), påvist for fyrste gong i Noreg på over 25 år, og landets største førekomstar av den truga grasarten takfaks (EN). I tillegg vart det registrert over 200 insektartar som er nye for Aurland kommune, noko som viser at området fungerer som eit viktig refugium for sjeldne artar knytt til både ope landskap og gamal lindeskog.

Rapporten drøftar samanhengen mellom tradisjonell utmarksbruk og biologisk mangfald, og gir klare forvaltningsråd om å oppretthalde og styrke geitebeitet for å motverke attgroing. Vidare vert det foreslått målretta overvaking av utvalde raudlisteartar for å sikre deira overleving i eit landskap i endring.