Samfunnsøkonomisk analyse av nullutslippskrav for turistskip og ferger i verdensarvfjordene

Årstall2022TemaReiselivKlimaSamfunnGeografiGeirangerfjordområdetNærøyfjordområdetDokumenttypeRapport / Utgreiing

Handberg et al. 2022

Rapporten analyserer samfunnsøkonomiske konsekvensar av Stortinget sitt vedtak frå 2018 om nullutsleppskrav for turistskip og ferger i verdensarvfjordane Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og innerste del av Tafjorden, gjeldande frå 2026. Fire tiltaksalternativ vert vurderte opp mot eit nullalternativ, ved hjelp av AIS-data, cruiseprognosar, reiselivsrekneskap og intervju med berørte aktørar.

Hovudfunnet er at nullutsleppskravet i hovudsak vil flytte cruisetrafikk frå verdensarvfjordane til alternative norske fjorddestinasjonar, heller enn å redusere den totale trafikken eller utløyse teknologiskifte i den internasjonale cruiseflåten. Klimaeffektane nasjonalt og globalt er difor avgrensa, og kan i eit pessimistisk scenario verte negative. For Flåm og Geiranger er dei lokaløkonomiske konsekvensane vesentlege; for tiltaksalternativ 1 (absolutt nullutsleppskrav) vert tapet anslått til om lag 109 mill. kr i verdiskaping og 184 arbeidsplassar i 2026.

Rapporten er direkte relevant for forvaltninga av verdsarvområda, då han gjev eit kvantitativt grunnlag for å vurdere reguleringsinstrument knytt til sjøtrafikk, klimamål og lokal verdiskaping i og kring dei freda områda.